søndag 11. mars 2012

Novelleoppgåver

DEL 1: "Forstørre augeblikk"

Oppgåve A:  "Du sitter på bussen på veg heim fra skolen en ettermiddag. Du er trøtt etter en slitsom dag på skolen, og du ønsker at det skal være stille rundt deg. Men så kommer to eldre damer på, og setter seg på setene rett bak deg. De er av den meget pratsomme sorten."


Eg er så letta når klokka endeleg passerer halv fire og eg har fri, fri i frå skolen. Gleder meg allereie til eg har funne en buss og eg kan sitte der og slappe av. Slappe av, i ein halv time før eg kjem heim og må begynne med alle andre plikter og gjeremål.

Det hadde vore ein usedvanleg ille dag på skolen og eg gleda meg meir enn vanleg til bussturen. Det er så godt å berre sitte der, musikk på ørene, endeleg litt ro i sjela. Eg var så døsig, sliten og i halvdrømme at eg ikkje merka dei to eldre damene som kom på bussen og sette seg rett bak meg. Eg er ikkje allergisk mot folk, sjølv om ein ofte skulle tru det, men enkelte type menneske taklar eg ikkje. Dei som er av den særs pratsame sorten er ein av dei. Damene bak meg skravla og skravla og eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg skrudde «sovemusikken» min høgare og høgare. Det virka som om lydnivået på damene auka i same takt som musikken.  Eg kunne ikkje flytte meg. Eg sitt alltid på denne plassen. Eg kikar ut, prøver å distrahere meg sjølv, men det nyttar ikkje. Stemmene til damene klinger inni hovudet mit, vert slengt fram og tilbake mellom tiningane. Eg nektar å innsjå at eg villa ha hatt det betre ein annan stad i bussen. Det er min plass, eg SKAL sitte her og eg SKAL slappe av og ha det bra! Hovudet mitt verker og snurrar, eg blir meir og meir kvalm.

Bussturane tilbake frå skolen er mine favoritt-augeblikk. Mine einaste augeblikk i løpet av eit døgn der eg kan tillate meg sjølv å slappe av. Vanlegvis er eg alltid på bussen minst ein haldeplass lenger enn det som er nærmast huset mitt, men i dag fann eg ikkje eit lite svev av lyst til å sitte lenger på bussen. Da eg gjekk av hadde eg meir lyst til å hoppe framfor bussen, enn å hoppe på den igjen. Det er fyrste gong på veldig lenge.


DEL 2: "Forskjellen på å fortelle og vise"

Oppgåve B: a) "Mikal er svært interessert i musikk"

Om du spør Mikal kva han likar å gjere, vil du aldri få noko anna svar enn at han likar å spele fiolin. Skulle du nokon gong besøke Mikal og kanskje ta ein tur innom rommet hans, ville du ikkje sett kva for ein farge Mikal har på veggane sine. Dei villa ha vore dekt av plakatar av fiolinar av alle mulige sortar og kjente fiolinistar frå hele verda. Og du kan vere sikker på at mens du er på besøk hos Mikal, vil han insistere på å spele for deg.  Og før du kan seie verken ja eller nei, vil han allereie ha gått inn i sin fiolin-transe der han ikkje ser eller høyrer noko anna enn seg sjølv og instrumentet. Etterpå vil han tilby deg å prøve ein av fiolinane sine. Eg kan ikkje bestemme over deg, men eg håpar at når du får det tilbodet, vil du finne det lurast å takke nei og heller seie at du bør begynne å dra heim. Du vil nødig bli ein del av Mikals besetning.

c): "Pizzaen smakte godt"

Lukta nådde meg som ein fantastisk vind frå himmelen da eg opna døra. Den var snart klar. Eg klarte nesten ikkje venta lengre. Eg sparka av meg skoa og sette meg klar framfor bordet. Alt var klart, det var bare det aller viktigaste som mangla. Det rumla så mykje i magen at det var nesten flaut. Eg kjente lukta da mor mi tok den ut. Trakk inn den herlige dufta og lukka auga.

Så kom den på bordet. Eg tok ein bit, sakte. Ville nyte dette fantastiske augeblikket. Eg tok den første biten og slapp ut eit sukk av nyting. Eg tok den andre biten, den tredje. Kjente den herlege, kjente smaken av ost, botn, skinke og heimelaga tomatsaus boltre seg i munnen min og få smakssansane til å danse cha-cha-cha.

Smaken av helg. Smaken av friheit. Smaken av mammas heimelaga pizza.


DEL 4: Innledningens kunst

Oppgåve D: "Til salgs; baby-sko, aldri brukt."

Forsiktig start
Eg og Monica har alltid hatt lyst på barn, kanskje spesielt Monica. Ho starta med å snakke om det i det små, men plutseleg blei det oftare og oftare. Ho kunne ikkje leve utan eit barn, sa ho. Eg var einig med henne, eg ville også ha eit lite barn. Vi prøvde så mange gonger at vi nesten hadde gitt opp. Derfor var vi så letta og lykkelege da vi fikk vite at vi skulle ha ein liten gut…..

In medias res
Da kjem gråten. Og ho gret. Ho gret og gret og gret og veit ikkje kvar ho skal gjere av seg. Ho fell saman, klemmer handleposen inntil seg og eg må støtte ho bortover mot senga for å legge ho ned. Ho ligger der og gret og gret og eg forstår ikkje kva det er. Til slutt klarar ho å rekke meg handleposen og eg tittar nedi utan å skjønne noko som helst. Eg ser uforståande ned på den vakre kona mi. Ho løfter fingeren sakte mot naborommet. Eg spring dit inn og ser fortvila på synet som møter meg. Det er heilt stille i rommet. Dei små barneskoa i handleposen kjem aldri til å bli brukt...







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar